Praktisk informasjon

Evas Ridesenter har arrangert rideleirar i over 20 år. Rideleirane våre er godt egna både for nybyrjarar og erfarne ryttarar. Kom gjerne fleire vener i lag – men du får garantert nye vener i løpet av leiren om du kjem åleine òg!

Aldersgrensa vår er 10 år. Yngre kan òg kome, om dei er hestevande. Til nybegynnarar har vi gode nybegynnarhestar. Nybegynnarhestane er gamle og kan derfor ikkje bære deltakarar over 60 kg.

Vekesleirane (sommar og haust) varar frå søndag ettermiddag til fredag ettermiddag. I prisen er kost, losji, hest og utstyr inkludert. Innkvarteringa er på 4-mannsrom i eit nytt gardshus, der ein kan bruke toalett, dusj og vaskerom. Vi legg stor vekt på tryggleik og trivsel.

For vekesleir er det frammøte søndag kl. 17:00, om ikkje anna er avtalt. Første måltid er kveldsmat. Det blir avreise fredag frå kl 13:00, eller til anna tidspunkt etter avtale. Siste måltid på fredagen er frukost. Vi har kiosk på garden, som er open kvar kveld. Skyss til og frå busstasjonen på Nordfjordeid kan ordnast om ønskeleg. Om ein vil vere på leir i to veker, kan det ordnast.

Ønsker du å ha med din egen hest, er det mogleg. Ta kontakt for å avtale nærmare.

Vi kan òg tilby opplegg til skule, barnehage, idrettslag og instutisjonar. Kontakt oss for opplegg og pris.